VGS presenterer via Sway!

VGS presenterer via Sway!

Vg 2 og 3 har runda av eit lengre prosjekt der vi knyt saman tema “Menneske på flukt” og “Eg ser deg”.

Veke 46 er snart omme, og elevane på vgs gleder seg til å vise fram nokre av produkta våre.

På måndag og tysdag arbeidde alle 3 trinn saman om eit rollespel der vi var FNs Sikkerheitsråd. Vi diskuterte eit tenkt tilfelle der coronavaksina er klar, og det er opp til dei 15 delegasjonane i rådet å sikre ei demokratisk deling. Ikkje så lett...

På onsdag og torsdag har vg1 laga ei nyheitssending med bakgrunn i tema “Eg ser deg”.

Vg 2 og 3 har runda av eit lengre prosjekt der vi knyt saman tema “Menneske på flukt” og “Eg ser deg”. Elevane kunne velje å laga ein multimodaltekst, eit nyheitsbrev, ved å bruke Sway, eller dei kunne lage nyheitssending på iMovie. I oppgåva skulle dei samla ulike arbeidskrav som dei har arbeidd med dei siste 6 vekene. Her finn dokker utdrag frå ulike noveller, autentiske portrettintervju, ein nyheitartikkel om resolusjonen som ble vedteke i FN, nokre refleksjonsnotat, informasjon om BliM-dans og informasjon kring spørsmål vi skal debattere på fredag.

Kos dokker med virtuell vernissage!

SWAY 1

SWAY 2

SWAY 3

SWAY 4

 

Tilbake til oversikt