Temaveke og litterær kveld: Arr: vg3 aka RUSSEN på DNSR

Temaveke og litterær kveld: Arr: vg3 aka RUSSEN på DNSR

Når ein går siste året på vgs er våren ei travel tid.

Først skal ein fokusere på å komme i mål i alle fag, vere førebudd til både eksamen og standpunkt og ha haugevis med vurderingar. Eit vitnemål kjem ikkje av seg sjølv.

I tillegg er det russetid, og då treng ein mykje energi, tid å planleggje og vere kreativ. Korleis skal ein rekkje over dette når dagane er så korte? Jo, vi må berre vere nokre ekstra timar på skulen og sikre at alt blir gjort! (typisk svar frå ein lærar...)

I veke 16 høyrte vi verkeleg startpistolen! Russegruppa i vg3 tok initiativ til ei temaveke der alle på skulen fekk ulike utfordringar. På måndag skulle alle kle seg i rosa, på tysdag var det viktig å ha noko på hovudet, og på onsdag fekk vi sjansen å vise sivilstatus. Grøn = singel, gul = komplisert og raud = i forhold.

Vidare blei det ein magisk torsdag då vi alle kom i pysjamas, og som avslutning hadde vi “Hawaii-dag” på fredag.

Undervegs i veka spilte vi musikk i alle friminutt, og gjekk rundt og tok bilete av store og små. Det var god stemning og masse latter – dette var ei superfin veke!

Oki, vi har også hatt fokus på skulefag.....Dei siste vekene har vi arbeidd med songtekstar, poetisk språk, noveller og adapsjon i norsk, og ikkje minst, nynorsk! Vår oppgåve var å finne ein songtekst og analysere denne. Deretter skulle vi skrive vår eigen adapsjon av teksten, altså gjere songteksten om til ei novelle. Vi fekk ikkje seie til nokon kva songtekst vi hadde valt. Vi skreiv og vi skreiv, og sjekka at teksten vår verkeleg blei til ei novelle.....og at vi meistra nynorsken.....madre mia. Men, det stoppar ikkje der.

Torsdagen var ein lang skuledag. Vi kom allereie klokka 0800 for å male banner, sy stickers på russedrakta og berre vere saman! Frå klokka 0900 var det vanleg skule med fag og oppgåver. Vi fekk ein liten pause på ettermiddagen, men klokka 1800 var vi attende på skulen. Denne gongen i finstasen....kvifor? Jo, på torsdag inviterte vi til litterær kveld på klasserommet.

Vi, og andre inviterte, fekk fyrst ein liten boblande velkomstdrink. Klasserommet var organisert i ein sirkel og det var levande lys. Nå skulle vi framføre eit litterært program, altså lese opp våre eigne adapsjonar for eit publikum. Til slutt skulle publikum gisse kva songtekst som hadde vore inspirasjon og primærkjelde. Vi fekk høyre 12 noveller basert på låtar frå Roy Orbison, Postgirobygget, Beatles, Smokies, Ice Cube, Justin Bieber, Lothepus, Kaptein Sabeltann og Billy Joel. Publikum var i storslag og gissa riktig på neeesten alle adapsjonane.

Vi er innmari nøgde med kva vi presterte! Det er ein ting å levere ein tekst til lærar, men å lese denne opp føre heile klassen samt lærarar på vg3, og leiinga på skulen....vel, det har vi aldri gjort før. Vi var litt spente og nervøse, men ALLE gjennomførte - og det er godt nok for oss!

Då den munnlege vurderinga var over dekte vi langbord og åt eit godt måltid saman. Deretter hadde vi russemøte for å planleggje dei neste 3 vekene........to be continued.

 

Skrive av Hanne Line

Tilbake til oversikt